Som om eg ikkje hugsar

 

 

 

 

 

Roman. 201 s.

Aschehoug 1997

Omslag: "Dalila" av Gustave Moreau (utsnitt)

ISBN 82-03-17898-7

 

 

Ein ung mann vaknar i høgfjellet med ein ramn på magen. Han virrar planlaust ikring. Langs bekkar og vatn, ut på kanten av eit stup, medan ramnane stadig krinsar rundt noko i det fjerne. Eit bilete kjem tilbake til han, gong på gong:

"Ho dreg trepinnen or lerspennet, rister laust, kjemmer håret ut med fingrane. Mørkeraude negler. Håret som ikkje let seg kjemma ut, men sprakar, strittar i eit brus rundt andletet. Då ho ser ned. Augnesverte. Augneskugge. Dei fyldige lippene samanpressa. (...) Ho pustar ut, legg smykka frå seg på ein spegel.Og tek av seg ringane frå veslefingeren og innover, venstre handa fyrst, samlar alle opp i same hand, let dei rutsja ned på spegelen. Turkis, granat og bergkrystall. Og masserer fingrane, bøyer dei og blæs på dei før ho dreg opp den svarte genseren. Den djupe navlegropa. Den glatte magen som bukselinningen gneg seg inn i. Dei blanke..."

 

---

 

Signerte eksemplar kan kjøpast hjå forfattaren for kr. 100,-.

 


"Starheimsæters styrke ligg i den kloke turneringa av psykologi, særleg i unge, uferdige sinn, men han har også ei heldig klo med språket. Under lesinga går tankane først og fremst til Tarjei Vesaas for dei vare personteikningane, men også til Lars Amund Vaage for rytmen og klangen i språket. Teksten til Starheimsæter går i eit ras og ein rus. Det er nesten uråd å leggje frå seg boka før ein er ferdig. Dette er effektiv prosa, som trekker lesaren med seg inn i ei forvirra tankeverd, inn i det spinnet som lagar seg i hovudpersonen sitt arme hode. Uroa forplantar seg til den som les, fordi Starheimsæter heile tida klarer å halde på spenninga og uvissa."

        (Brit Bildøen i Dagbladet   9/9 - 97)

---

"Starheimsæter er en forfatter som ikke flørter med sin leser, ikke gjør det behagelig verken for seg selv eller for mottageren. Men han er en forfatter som vil noe, som har et tvingende nødvendig stoff, og det er vel verdt bryet å forsøke å trenge inn i det foruroligende psykiske landskapet han beveger seg i."

        (Hilde Brunsvik i Klassekampen   13/9 - 97)

---

"Som om eg ikkje hugsar er ein like besettande roman som eg-forteljaren er ein besett student. Han er besett; han er hakke gal - nesten fram til siste punktum. Dei to hundre sidene fram dit er ei framvising av kjensler, kjærleik og hat, ein manns utforsking av vegen tilbake til minnet, medvitet og eigen identitet, og ein spenningsroman om skrivingas (mulege) terapeutiske funksjon. Hermann Starheimsæter har laga eit praktfullt kunstverk."

        (Jan Askelund i Stavanger Aftenblad   8/10 - 97)

---

"Likevel havarerer dette på mas og overtydelig metaforikk. Til bokens locations er det å si det er liten vits i å sende vår mann på tur fra Solheimsviken over Nygårdsbroen ned Lars Hilles gate og via Vaskerelven og Engen dersom disse stedsnavnene ingen funksjon skal ha. Selv ikke en fottur opp Klosteret har betydning. Denne mangel på betydning er ikke et litterært grep, Det er fravær av litterært grep; og det samme kan sies om dialogene som går og går og går men ikke havner noe sted. Var dette tydelig nok?"

        (Fartein Horgar i Adresseavisen   11/9 - 97)

---

 

 

 

Andre kritikkar:

- Aftenposten  14/9 - 97: "Diktning og galskap"

- Bergens Tidende 20/9 - 97: "Morbid lekenhet"

- Fedrelandsvennen  24/9 - 97: "Forunderleg og forvirrande"

- Dag og Tid  9/10 - 97: "Han vil og vil ikkje"

- Vårt Land  20/10 - 97: "Sympatisk som et statsoverhode"

- Sunnmørsposten  27/10 - 97: "Meisterleg og urovekkjande"

 

 

 

 

Intervju:

- Dagsavisen Arbeiderbladet  10/9 - 97

- Dagen  11/9 - 97

- Folket  12/9 - 97

- Aftenposten 16/9 - 97

- Sunnhordland  16/9 - 97

- Dag og Tid  2/10 - 97

- Sykkylvsbladet  3/10 - 97

- Vårt Land  4/10 - 97

 

 

 

 

Til startside                                                                                                                         Til bibliografi