Rom bak rom bak |
||
Aschehoug 1995 Omslag: Stian Hole ISBN 82-03-17584-8 |
Språk
Trøyst vil dei ha Og det på eit språk med meir enn tretti synonym for slå og berre sju for trøysta "Tal til oss", seier dei "med ord som kan forandra" Og gløymer at dette språket har hengt seg opp i det useielege Mållaust, raspar det, ordlaust svarlaust, tagalt, tilknept, ordknapt
Dei gav meg språket sparte ikkje på gode norske ord for gjerrig Då var dei gnitnare med ord for raus Slik vakta dei på språket No vaktar dei på meg krev gåva att med rente Enkelt skal det vera, men rikt Nytt, men for all del: Ikkje det minste framandt Evig blankt. Aldri glatt
---
Signerte eksemplar kan kjøpast hjå forfattaren for kr. 50,-. |
"Starheimsæter syner i sine beste dikt, og dei fortener å bli lesne av mange, ei uvanleg skulpturell evne, ein sans for form og evne til visualisering og fasthalding av noko meiningsfylt i det trivielle."
(Knut Ødegård i Aftenposten 9/1 - 96)
---
"Starheimsæter kombinerer ofte metaforer fra atskilte områder på en måte som kan virke støtende på "purister" ("eit lys... meir etsande enn løksaft"), men det er bl. a. i disse metaforsammenstøtene de forvandlinger finner sted som på det billedmessige plan svarer til den aldri avsluttede bevegelsen og forvandlingen som utgjør diktsamlingens dypereliggende tematikk."
(Øystein Rottem i Dagbladet 6/11 - 95)
---
Intervju/ artiklar:
- Sykkylvsbladet 4/10 - 95