Nattbussen                


 

 


Roman 240 s.         

Aschehoug 07

Foto: Jens Hauge

Omslag: Blæst

ISBN 978-82-03-19258-6

                 

 

Eks-journalisten Claus Hjelle sit på nattbussen mellom Sogn og Oslo. Folk søv i seta rundt han, men han kan ikkje tillata seg å sova. Før morgonen kjem, må han ha funne ut av livet sitt. Kven er han? Kva skjer no? Meir og meir vert det månelyse snølandskapet som bussen køyrer gjennom, borte for han. Han er tilbake i ei magisk verd der dei døde talar, der tanken opnar låste dører og skaper nye land. Ei krigersk og farleg verd er det. Overvakingspolitiet er overalt. Offiserar kler seg ut som legar og planlegg giftdrap ...

Og kva er det med sjåføren? Kvifor er han sint? Kvifor glor han slik?

Nattbussen er ei djupt personleg utforsking av randsona mellom normalitet og galskap. Boka er eit frittståande framhald av romanen Nordvegen som kom i 2003.

...

 

Signerte eksemplar kan kjøpast hjå forfattaren for kr. 100,-.

 


 

"... ein veldig språkleg energi, eit kraftverk av språk... Hermann Starheimsæter har no etablert seg som ein av dei aller fremste i moderne norsk litteratur. Det er få, om nokon, som meistrar denne språklege og tematiske balansen mellom det djupt tragiske og den store humor, mellom det "normale" og "galskapen"."

            Knut Ødegård i Aftenposten 29/10 - 07                    (Heile kritikken)

---

"Er så "Nattbussen" ei historie om oppvekst, om psykosar, om språk heilt allment eller om nynorsk meir spesifikt? Romanen er alt dette, men det som gjer sterkast inntrykk er opphaldet på institusjon, der dei tørre journalane til legar og sjukepleiarar får stå i skarp kontrast til Claus Hjelles eiga oppleving av kva som skjer. Språk står mot språk. Her blir det kjempa om definisjonsmakta, liksom det andre stader i romanen er ein kamp om målformer. Måten noko blir sagt på, orda som blir brukte og orda som ikkje vert kjent gyldige er eit sentralt tema i romanen."

"... framifrå litteratur for alle som er opptekne av språk i aller vidaste og mest mangslungne tyding av ordet."

        Marta Norheim i Boktilsynet, NRK P2, 15/8 - 07           (Heile kritikken)

---

 

Fleire kritikkar:

 

- Bergens Tidende 27/8 - 07

- Stavanger Aftenblad 10/9 - 07

- Fædrelandsvennen 19/9 - 07

 

 

Anna:

 

- Sykkylvsbladet 25/4 - 07. Intervju.

- Dag og Tid 24/8 - 07. Intervju.

- Dag og Tid 31/8 - 07. Debattinnlegg.

- Sunnmørsposten 3/9 - 07. Intervju.

 

 

 

 

Til startside                                                                                                                 Til bibliografi