Han gjorde det |
||
Roman. 170 s. Aschehoug 1990 Omslag: Anne Holt ISBN 82-03-16389-0 |
Maktkamp, strid om odelsrett, gammal firkanta bondeideologi mot såra sjølvkjensle. Dette er stikkord frå familietragedien i ei vestnorsk bygd kring 1960. Dei som set dramaet i gang - og fullbyrdar det - er mennene i familien: Ein far, ein farbror, ein beste- far. Men den som opplever hendingane sterkast er vesle Espen. Hans verd går i knas. No ligg han på loftet og snakkar til katten sin, prøver å setja bitane saman slik at han kan forstå det som skjedde. Gjennom å fortelja får han oversyn og styrke til sjølv å gripa inn i dei vaksne sin situasjon.
Nært og vart vert tilhøvet til den litt spesielle farbroren skildra, undringa til Espen over det han ikkje forstår, hans angst og skuldkjensle. Det er ei barneskildring som grip tak i lesaren og gjev innsyn i livskonflikter og psykiske mønster mellom menneske som piner kvarandre i låste situasjonar.
--- Signerte eksemplar av originalutgåva kan kjøpast hjå forfattaren for kr. 100,-. Billegbokutgåve av same bok kr. 50,-.
|
|
"Det er storarta, rein, poetisk prosa, dette. Ein kresen stilist som kan fortelja ei historie, og som har noko å fortelja, og som samstundes har ei vidopen dør ut mot det store publikum som elles ikkje les nye diktarar fordi dei er så vanskeleg tilgjengelege."
(Knut Ødegård i Aftenposten 21/11 - 90)
---
"Med denne romanen har Hermann Starheimsæter foretatt en halsbrekkende manøver der han med dristighet, konsentrasjon, innlevelse og eleganse har formådd å skape et litterært kunstverk som nok skal vise seg å være ett av denne bokhøstens mest interessante."
(Nøste Kendzior i Arbeiderbladet 17/10 - 90)
---
"Ikkje sidan Tarjei Vesaas ga ut "Det store spelet" har det i Norge vore skrive ei slik barneskildring frå bondemiljø. Ein gresk tragedie i ein norsk potetåker."
(Ivar Mork i Sunnmørsposten 26/9 - 90)
---
"Vi har fått ein ny stor romanforfattar her til lands. Han heiter Hermann Starheimsæter."
(Marta Norheim i Kritikertorget NRK P1 15/9 - 90)
---
Andre kritikkar:
- Nationen 3/9 - 90
- Agderposten 8/9 - 90 (Arthur Tørå) og 23/1 - 91 (Sverre Asmervik)
- Vårt Land 18/9 - 90
- Dagbladet 28/9 - 90
- Rogalands Avis 20/10 - 90
- Bergens Tidende 2/11 - 90
- Gula Tidend 21/11 - 90
- Akershus Arbeiderblad 7/12 - 90
- Romerikes Blad 7/12 - 90
- Haugesunds Avis 13/12 - 90
- Bergens Arbeiderblad 15/12 - 90
- Sandefjords Blad 20/12 - 90
- Harstad Tidende 27/12 - 90
- Drammens Tidende/Buskeruds Blad 17/1 - 91
- Kritikkjournalen nr. 2 1991
- Klassekampen 13/2 - 91
- Firda Tidend 27/2 - 91
Intervju:
- Gula Tidend 29/8 - 90
- Bergens Tidende 15/9 - 90
- Sogn og Fjordane 3/9 - 90
- Dag og Tid 13/9 - 90
Anna:
Boka gjekk som opplesingsserie i programmet "Verdt å lese" i NRK radio november 1990. Opplesar: Svein Tindberg.