|
||
Roman 277 s. Det Norske Samlaget 2012 Omslag: Trine + Kim design ISBN 978-82-521-8179-1
|
'Den nynorske terroristen' Claus Hjelle er
tilbake i Sogn etter terapitimar i Oslo. I desse timane har det kome opp
ting som han absolutt må snakka med mora om. Før det er gjort, kan han
ikkje reisa heim til Bergen. Det er vanskelege ting han vil spørja mora
om, Claus finn ikkje det rette tidspunktet, og dagane og vekene går. I
mellomtida møter han Johnny att, ein han gjekk saman med på skulen, og
det oppstår ein vennskap mellom dei to som alltid har vore så ulike.
Denne vennskapen får uventa følgjer for Claus Hjelle.
Der nåden finst er tredje og siste band i serien om den tidlegare journalisten Claus Hjelle og hans kamp med språket og galskapen. Boka er eit frittståande framhald av Nordvegen (2003) og Nattbussen (2007).
|