Den svarte Audien |
||
Barenebok. 11 s. Selja Forlag 2000 Illustrasjonar: 6. klasse ved Ljøsne skule Framside: Marta Fjellheim Foto: Jens Hauge ISBN 82-91722-12-9
|
Gutane på Øyra sat der, dei. Fem gutar på fem syklar. Alle sat på same måten. Venstre fot i bakken. Høgre fot på høgre pedal. Eg stod i midten. Eg hadde ikkje sykkel, men ei gul notisbok og ein penn. Alle såg på meg. Ingen sa noko. Aslak, som vi kjenner frå fjorårets bok av same forfattar, - Bang! sa Big, er i trøbbel igjen. Gutane på Øyra er etter han. Sjølv trur han at grunnen må vera at han ikkje har nokon far til å forsvara seg. Heldigvis dukkar den litt spesielle venen hans, som kallar seg Big, opp då han trengst som mest. Saman med han og systra Anna, som er både sur og søt, greier Aslak etter kvart å ta opp kampen mot dei farlege gutane på Øyra, som for eksempel brenner folk på bål. Og kanskje er han på sporet etter far sin også... I alle fall har det dukka opp ein mystisk svart Audi i nabolaget, og denne vert ein viktig brikke i den spennande handlinga. Boka er gjennomillustrert av elevane i 6. klasse ved Ljøsne skule i Lærdal i Sogn.
---
Boka kan skaffast frå forlaget. Signert eksemplar frå forfattaren kr. 100,-.
|
"Den svarte Audien er ei fin forteljing om lojalitet, mobbing og sakn som eg trur mange barn vil kjenne seg att i. Den ytre dramatikken skildrar Starheimsæter på ein framifrå måte. Særleg i situasjonane der Aslak er på flukt frå gutane på Øyra, riv han lesaren med seg. Samstundes som forfattaren gjennom jakten på den svarte Audien også evnar ta lesaren med inn under huda på hovudpersonen og få fram den lengten og uvissa som plagar vesle Aslak."
(Birgit Vartdal i Sunnmørsposten 12/12 - 00)
Artiklar/ intervju:
- Årdal & Lærdal Avis 25/8 - 00
- Sogn Avis 13/9 - 00
- Sykkylvsbladet 10/11 - 00
- Sogn Avis 23/11 - 00
- Firda 25/11 - 00
- Årdal & Lærdal Avis 27/11 - 00
- Sogn Avis 27/11 - 00
- Bergens Tidende 28/11 - 00
- Sunnmørsposten 30/11 - 00
- Fjordabladet 21/12 - 00
- Ljøsnanytt (skuleavis) vinter 00/01